Spreie glede med dikt

Terje Teigen er første mann ut med å sende oss dikt! Om du vil vera med på dugnaden send diktet ditt til frivilligsentralen@sogndal.kommune.no
Ei bygd full av liv
eit land full av liv
ein klode full av liv,
men ikkje akkurat no
når dette viruset 
fer og sviv


Me blir alle råka
og det er nesten som å vere
midt inni den tjukkaste tåka
tomme skular og stengde butikkar
ingen frisørar, hotell 
eller travle fabrikkar 


Økonomien går ned
og dødstala opp
får inderleg håpe
at dette snart seier stopp
men før det går over
må me alle prøve 
å følge felles vedtekter og lover


Ellers vil folk reagere med sinne
kvifor ikkje fleire kan halde seg inne
for me vil tilbake 
til vår pulserande verden
me må berre hugse på 
at me alle 
må stå i lag på denne ferden
2024 © Sogndal Frivilligsentral