Torsdag 27 Februar 2020
Kl. 19:00 - 21:00, Fjørevegen 17
Prat Med Mat Sogndal, Leikanger og Luster demensforening
Prat Med Mat

Sogndal, Leikanger og Luster demensforening ynskjer å invitera personar med demens, pårørande, aktivtetsvener og andre som ynskjer å ta del på treffet. 

Noko av innhaldet i praten vil vera kva erfaringar me har med å få alle med i den sosiale deltakinga i nærmiljøet, slikt som kulturarrangement, turar, fysisk aktivitet med meir.


Demensforeininga vil informere om Nasjonalforeningen sitt arbeid og om ordninga med Aktivitetsven. De vil og få høyre litt om kva tankar ein har så langt om bruken av Frivilligheitshuset.


For å få det ekstra triveleg vil me freista med smårettar frå ElleVilt, frukt og kaffi som demensforeininga spanderer.


Sogndal, Leikanger og Luster demensforening håpar mange finn tid til å komma denne kvelden.


Me vil gjerne ha tilbakemelding frå alle som veit dei kjem slik at me bestiller rett mengde mat. De kan melde frå til Hilde Kristoffersen på melding til tlf. 97 66 69 66 eller melding på Faceboksida til foreininga innan tirsdag 25. februar.


Med venleg helsing styret i Demensforeininga 


Margot Dyrdal, Marit Munthe Hovland, Ingunn Lereim, Gerd Barsnes, Stine Lund, Målfrid Myrkaskog Husnes, Merete Dale og Hilde Kristoffersen

Flere kalenderoppføringer
2024 © Sogndal Frivilligsentral